Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 221–224

4.5.1

Erstatningstvisten reiser spørsmålet om eit eventuelt arbeidsgivaransvar kan gjerast gjeldande i denne saka etter reglane i skadeserstatningslova om ansvaret ein arbeidsgivar har for arbeidstakarar i § 2-1.

Redningsselskapet kan få objektivt ansvar som arbeidsgivar under føresetnad av at Truls var aktlaus i tenesta. Det er opplyst at Truls gløymde sikkerheitsslyngja. Det taler for ei viss aktløyse. Her må vi likevel vurdere den spesielle situasjonen som ein redningsmann er i. Han skal ta avgjerder i løpet av sekund, og det må vere rom for ein god del feil. Det kan vere ulike omstende. Éin ting er avgjerder ein må ta snøgt i eit forrykande uvêr, der den forulykka når som helst kan forsvinne i det frodande havet. Noko anna er det å redde ein person opp av eit blikkstille hav der det er god tid til å handle i samsvar med alle instruksane om sikkerheit.

Det er opplyst at det er storm, og at fartøyet er i ferd med å forlise. Eg går derfor ut frå at Truls ikkje handla aktlaust, sjølv om sikkerheitsslyngja skulle vore festa. Dermed er det heller ikkje grunnlag for å halde Redningsselskapet ansvarleg etter skadeserstatningslova § 2-1.

Konklusjon: Redningsselskapet får ikkje erstatningsansvar.

4.5.2

(Faktum i oppgåva er dessverre frå verkelegheita, men namnet på skolen er anonymisert. Skolen har fått eit anna namn.)

Spørsmålet om eit eventuelt erstatningsansvar blir vurdert ut frå ulike reglar i skadeerstatningslova.

  1. Drøft og vurder om elevane kan få erstatningsansvar.
    Er det elevar under 18 år som har gjort skadane, kan kvar enkelt få erstatningsansvar etter skadeserstatningslova § 1-1. Det verkar som om skadane skjedde forsettleg eller med grov aktløyse. Alder, skuldgrad osv. taler for erstatningsansvar. Det er ikkje grunnlag for å halde alle elevane kollektivt ansvarlege. Ansvaret må plasserast hos dei som stod for skadane.

    Konklusjon: Elevane får erstatningsansvar.

  2. Drøft og vurder om foreldra kan få erstatningsansvar.
    I dette tilfellet kan foreldra til kvar enkelt skadevaldar under 18 år, få objektivt ansvar for inntil kr 5 000, jf. § 1-2 nr. 2, sidan den mindreårige har handla forsettleg eller aktlaust. Det er berre foreldre som bur saman med og har omsorga for elevane, som kan få ansvar. Med omsorg er det sikta til foreldreansvar etter reglane i barnelova, og med «bo sammen med» i lova er det sikta til kvar elevane har fast bustad.
  3. Drøft og vurder om skolen kan få erstatningsansvar.
    Skolen kan få erstatningsansvar som arbeidsgivar etter skadeserstatningslova § 2-1. Ansvaret føreset at læraren har vore aktlaus. Spørsmålet blir derfor om Gro kan klandrast for ikkje å ha passa godt nok på. Ho kan nok klandrast for at ho ikkje overvakte festinga og stansa drikkinga av alkohol. Som ansvarleg leiar av ein elevekskursjon er ho forplikta til å passe på elevane og gjere det som er rimeleg å krevje.

    Nokre vil kanskje vurdere om aktløysa til elevane kan utløyse erstatningsansvar for skolen. Elevane er ikkje arbeidstakarar. Handlingane deira kan derfor ikkje påføre skolen objektivt ansvar på grunnlag av skadeserstatningslova § 2-1. Ansvar må derfor ha grunnlag i forhold ved læraren og ikkje elevane.

    Konklusjon: Skolen får erstatningsansvar på grunnlag av § 2-1

  4. Drøft og vurder om læraren Gro kan få erstatningsansvar.
    Gro kan få eit personleg ansvar etter den alminnelege skuldregelen. Likevel kan skadeserstatningslova § 2-3 nr. 2 om lemping av ansvar for ein arbeidstakar redde henne. Gro kan ved sii aktløyse bli ansvarleg overfor den skadelidde og regressansvarleg overfor arbeidsgivaren sin dersom arbeidsgivaren har dekt tapet.

    I dei fleste tilfella vil det normalt vere urimeleg å la det endelege tapet kvile på arbeidstakaren. Det rimelege er at arbeidsgivaren ber tapet. Berre i meir ekstraordinære tilfelle kan arbeidsgivaren krevje at arbeidstakaren ber ein del av tapet, sjå skadeserstatningslova § 2-3 nr. 1 og nr. 2 andre setning.

    Dersom Gros forhold blir sett på som svært klanderverdig, kan ho ende opp med å måtte betale noko erstatning. Eg går ut frå at Gro i vårt tilfelle slepp unna og ikkje får ansvar overfor arbeidsgivaren sin. Det vil seie at skolen ikkje får regressrett etter § 2-3 nr. 1, og Gro kan krevje å få att frå arbeidsgivaren sin det ho eventuelt må ha betalt i erstatning, jf. § 2-3 nr. 2, andre punktum.

4.5.3

Læraren har løysingsforslag

4.5.4

Læraren har løysingsforslag

4.5.5

Læraren har løysingsforslag

4.5.6

Spørsmålet er om kommunen får erstatningsansvar på grunnlag av skadeserstatningslova § 2-1. I så fall må Marte som kommunal tenestemann ha handla aktlaust i tenesta.

Ein kan klandre Marte for overflatisk og mangelfull forundersøking av vilkåra for å gi byggjeløyve. Ei kort synfaring er ikkje nok. Området hadde rashistorikk som tydde på 1/100 sannsyn for alvorleg ras, og dette var noko som Marte burde undersøkt nærmare. Det må klarleggjast om slik rashistorikk gjer byggjeløyvet til eit forskriftsbrot. Viser det seg at forskriftene er brotne, kan vi lett konstatere aktløyse.

Global oppvarming kan også vere eit argument i saka. Det bør vere ei kjend sak for byggjesaksbehandlarar at klimaendringane kan føre til endringar i sannsynet for ras. Historisk statistikk må vurderast i lys av klimaendringane.

Opplysninga om at byggmeister Peder Ås straks såg at byggjetomta var rasutsett, understrekar kravet om at saksbehandlaren i kommunen burde sørgt for nærmare undersøkingar.

I RT-2015–257 vart kommunen frifunnen i ei tilsvarande sak. Grunngivinga i den dommen var at det var lagt vekt på kjend rasrisiko som var akseptabel på det tidspunktet løyvet vart gitt, og at løyvet gjaldt oppføring av hytter som berre skulle brukast om sommaren. Tilfellet i oppgåva vår skil seg frå denne dommen ved at kjend rasrisiko må reknast for å vere i strid med forskriftene for byggjeløyve, og at hyttene skal byggjast for å bli brukt både sommar og vinter.

Marte var nyleg uteksaminert og hadde derfor lite erfaring. Ho skal likevel vurderast i forhold til ein vanleg, gjennomsnittleg saksbehandlar med tilstrekkeleg erfaring. Culpanorma er objektiv. Marte burde vore meir bevisst på den mangelfulle erfaringa si og drøfta saka med andre medarbeidarar i kommunen før avgjerd vart teken.

Konklusjon: Eg konstaterer etter dette at kravet om aktløyse er oppfylt. Kommunen får erstatningsansvar.

Kravet gjeld erstatning for utgifter fram til byggjeløyvet vart trekt. Dette er eit pårekneleg, økonomisk tap av den grunn. Kommunen får derfor erstatningsansvar og blir dømd til å betale kr 500 000 til Lasse Holm.